Den store blåbæreksporten

170915
Bærkorger og bærplukkar frå utstillinga «Påbærtur». Foto: Elvarheim Museum.  
170915
Bærkorger og bærplukkar frå utstillinga «Påbærtur». Foto: Elvarheim Museum.  
Andre bidrag til spaltestafetten finner du her:

Av Tonje Ramse Trædal, Museumsstyrar, Elvarheim museum.
Agderposten, 15.09.2017

I desse dagar legg mange søndagsturen til skogs, og kjem kanskje heim med gode turminne og nokre liter bær som ein kan sylte eller safte og kose seg med ut over vinteren. For ein liten mannsalder sidan var blåbærhausten forbunde med hardt arbeid, men også med klingande mynt.

I mellomkrigstida var det stor arbeidsløyse og tronge tider. Men i skogane fanst det mengder av blåbær som kunne haustast heilt gratis. Og det fanst ein marknad for desse bæra på andre sida av Nordsjøen.

Lange haustdagar til skogs med blå fingrar og verkande rygg blei difor det som berga økonomien for mange. Det var ikkje uvanleg at ein kjøpte strømper og sko på borg til barna sine til 17. mai, og betalte når «bærpengane» kom. Og det finst mange historier om ungdom som plukka blåbær for å få pengar til konfirmasjonsklede, klokke eller sykkel.

Kor store inntekter det kunne dreie segom,kan illustrerast med kommunebudsjettet i Gjøvdal, som på denne tida var ein eigen kommune. I 1927 var heile budsjettet på 29000 kr. Same året hadde folk i Gjøvdal ei samla inntekt frå blåbærsalet på 21 000 kroner. Korleis kom dette bæreventyret i stand?

Les hele artikkelen her:

Andre bidrag til spaltestafetten finner du her: