Åmli-bever reddar Europa

161014
Den første beverutsettinga i Bjurälvdalen i Sverige i juni 1922. Foto: Nils Thomasson, Jamtli bildarkiv  
161014
Den første beverutsettinga i Bjurälvdalen i Sverige i juni 1922. Foto: Nils Thomasson, Jamtli bildarkiv  
Andre bidrag til spaltestafetten finner du her:

Av Tonje Ramse Trædal, bestyrer ved Elvarheim museum.
Agderposten, 14. oktober 2016.

Du har kanskje høyrd det kraftige plasket av ein beverhale i eit skogtjern eller sett beverhytter langs bekkar og elver. Nokre har opplevd å få vegar og jorde sett under vatn av denne flittige byggmeisteren. Men ikkje alle kjenner beverens dramatiske kamp for å overleve. Sentralt i denne historia står også tre menn frå Åmli.

Den europeiske beveren (Castor Fiber) er ein av urinnvånarane i faunaen vår, og fanst tidlegare over heile det Eurasiatiske kontinentet, frå dei Britiske øyene i vest, til Sibir i nord, Middelhavslanda i sør og Kina i aust.

Jord- og myrfunn, gnagemerke på stokkar og restar av demningar viser at beveren har følgd iskanten og skogutbreiinga nordover etter siste istid. Men fram mot vår tid er beveren blitt borte i land etter land. I England forsvann han alt på 1100-tallet, i Skottlannd på 1200-tallet og i Italia på 1600-tallet. Det blir sagt at den siste svenske beveren blei skoten i 1871.

Les resten av artikkelen her:

Andre bidrag til spaltestafetten finner du her: