Sommarutstillinga 2017: På bærtur

Visste du at inntektene frå sal av blåbær til England på 1920-talet tilsvarte nesten heile kommunebudsjettet i Gjøvdal? Eller at det blei sett opp eigne bærtog under krigen? Og at ein bjørn kan ete 150 kg blåbær i døgnet? I årets sommarutstilling på Elvarheim museum får du vite meir. Ope tysdag-søndag kl. 11-16 i perioden 10. juni -20. august + søndagar i september.