Skular og barnehagar

Elvarheim museum har myke å tilby skular og barnehagar, både i og utanfor opningstidene. Fleire av utstillingane er godt tilpassa barn i alle aldrar. Det er spennande å sjå ville dyr, lære om bjørnejakt og høyre fuglelydar. Beverutstillinga i kjellaren er spesielt tilpassa barn, med montrar ein kan krype inn i for å oppleve beveren både over og under vatn, dyr ein kan klappe på og bevergjel ein kan lukte på. Det er utviklar pedagogiske opplegg til fleire av utstillingane, som du finn her. Opplegga kan nyttast i samband med eit museumsbesøk eller lastast ned fritt til bruk i skular og barnehagar. Oppgåvene knyter seg til eit vidt spekter av tema, både sjølve utstillingane på museet og Åmli si historie meir generelt.
Come And Play 2014  
Byggmester bjor er eit pedagogisk opplegg i naturfag for 1.-4. klasse. Her ...
Kniv  
Hakkespett